Torsdag 22.06.2017 i Fusa Samfunnshus

For første gang vil Vinnesfestival arrangere LAN fest (Datatreff) for ungdomar frå 13år. Dette gjere me i godt samarbeid med FULK (Eikelandsosen ungdomslag) som har god erfaring og kompetanse på dette, og Fusa Kraftlag som sponsar Gigabit internettlinje.

Her vil det bli konkurransar og fine premiar. I tillegg er det mulighet for å kjøpe mat og drikke gjennom heile natta.

Arrangementet er sjølvsagt rusfritt, og vil bli arrangert i Fusa Samfunnshus.

Dørene opnar kl. 19:00
Inngang: 100,-

For påmelding: http://vinnesfestival.ticketco.no/vinnesfestilan

OBS!: Det er ikkje billettar basert på salkart, så dei som bestiller først får òg velga plassar først.