Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Flitflet

Søndag 25. juni kl 16.00 blir det konsert med Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Flitflet i Kulturbedehuset Fredheim på Vinnes.

Gabriel Flitflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel og hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk. Han blei kåra til Årets Folkemusikar i 2011.

Jorun Marie Kvernberg speler fele, hardingfele og harpeleik, og er ei av landets beste folkemusikara. Ho har vunnet Spelemannsprisen to gonger, og er den einaste som har vunnet den ærerike «Edvard-prisen» for komponering i sjangeren folkemusikk.

Inngangsbillett 100 kroner (kjøpast i døra)