Det er med stor glede me endelig kan fortelle at Innertier kjem til Vinnesfestival 2017 for å spele på familiekonserten i holmen 24. juni!!

Innertier oppstod først mot slutten av 2014, og i 2015 var dei allerede blant dei aller mest streama artistane i Norge. Det hadde ikkje gått to år eingang, før dei passerte 50 millioner streams totalt, mykje takket være superhits som «Du Er Ung», «Langt Igjen Å Gå» og «Jeg Vil Heller Ha Deg». I tillegg har dei dukket opp på samarbeidsprosjekter med navn som Marcus & Martinus, Morgan Sulele, Katastrofe og Staysman & Lazz, og knapt vært involvert i ein einaste låt som ikkje har gått gull eller fleire ganger platina.

Med andre ord er det for lengst eit etablert faktum at duoen, som består av Karl Fredrik Dahl og Adrian Emile, er blant landets mest stødige levrandørar av hitlåter